Edal Gradsmat as

Edal Gard ligg i flotte omgjevnader i Vossafjedlet, mellom Bulken og Evanger, ca 400 meter over havet. Her driv me med sau og ammekyr. Me samarbeider med Fatland Ølen og Larsastova i Folkedal som slaktar dyra for oss. Hjå Fatland handlar me og kjøtråvarer som me ikkje har sjølve til produksjonen. Andre varer me nyttar i produksjonen vert handla lokalt, for eksempel hjå Encon.
Det er lange tradisjonar for foredling på garden, og dette ynskjer me å vidareutvikle. Oppskrifter som har gått i arv vert brukt i produksjonen.
Me som driv Edal Gard er: Bente Edal Edvartsen og Leon Edal Larsen. Me er lidenskapeleg opptatt av god mat og korleis utvikle den på best mulig måte. Bente har mykje erfaring frå ferskvare, salg og kjøkkendrift. Leon er utdanna kokk og servitør og har og mykje erfaring innan salg og matproduksjon.
Me trur at nøkkelen til god mat er kvalitet i alle ledd. Har dyra det bra så vert kjøtet bra og😊 Sauer og lam går og beiter i flotte Stølsheimen med fantastiske fjellbeiter heile sommaren. Dette gjer noko med produktet. Storfea våre går i skogen utanfor garden vår og gjer eit fantastisk arbeid med at den ikkje gror igjen! Me legg og ned masse tid i å ha god kontakt med dyra heile året slik at trivselen er på topp både i flor og fjell😊